Permitterer i Langevåg Idrettslag.
Forfatter: Langevåg Idrettslag
18. mars 2020
Hovedstyret i Langevåg IL har gjort vedtak om å permittere daglig leder. Les pressemelding her.
Permittering.
Som ei følgje av koronaviruset og stopp i all organisert aktivitet i Langevåg IL, så er dagleg leiar Vegard Eikrem permittert fra og med mandag 23.mars. Dette er gjort i tett samråd med Vegard sjølv, og vedteke av eit samla hovudstyre i Langevåg IL.
Dette vert gjort for å sikre at idrettslaget har økonomi også til å kunne drive når denne unntaksperioda er forbi. Mirjam Alnes, som også er tilsett i ei mindre stilling på økonomidelen, vil halde fram med sin jobb.
Klubbhuset vert stengd, og ved eventuelle spørsmål må desse kome via telefon eller e-post. Pårekn lenger responstid enn vanleg.
For fotballgruppa sin del kan Bård Joar Nossen kontaktast (92 243 463 [email protected]), medan Lars Skrede (911 884 82 [email protected]) er kontaktperson for handballen i denne perioda. John Arne Vestre ( 932 878 46 [email protected]) er kontaktperson for Vonhytta. For andre ting enn desse kan Jostein Håland ( 918 606 59 [email protected] ) kontaktast, medan Mirjam Alnes vil syte for at rekningar vert betalt og økonomien er under kontroll.
Vi er ikkje glade for dette tiltaket, men ser i lag framover mot ei tid der idrettsfamilien igjen kan møtast til action og moro i ein idrettshall eller på Langevåg stadion.
Med sportslig hilsen
Jostein Håland
Leder
Langevåg IL