[email protected]


Logo
Bli medlem
Diskgolf

Jørgen går til AaFK

Forfatter: Vegard Riise Eikrem

06. desember 2015

Forside
News article image

Fotballspelaren Jørgen Fylling (16) er nok ein Langevågsspelar som skiftar farge på drakta si. - Sist veke vart det klart at Langevåg IL, Aafk og Jørgen er enige om overgang til Aafk.

Eg har valt å melde overgang til Aafk fordi eg følte at dette var riktig tidspunkt for å kome vidare i fotballkarrieren. I Aafk får eg nye og større utfordringar for å utvikle meg til å bli ein betre fotballspelar.  Eg er elev på idrettslinja ved Latinskulen, og dermed er det også lett å kome til og frå treningar før og etter skuletid, seier Jørgen.

Han kjenner godt til Aafk frå tidlegare. I eit par år har han hospitert på treningar med gute- og juniorlaget. Han har også vore med Aafk sitt G16 elitelag som har som har spela landsserie mot andre tippeligalag.

Fotball betyr mykje for Jørgen Fylling, og han har allereie mange opplevingar i sekken. Eg har gått gradene, seier Jørgen. Først var det talensamlingar, so vart eg tatt ut til bylag og deretter kretslag. Seinare vart eg og tatt ut til regionslaget.

Sist sesong har Jørgen trena fast og spelt ein kamp for Langevåg sitt A-lag i 4.divisjon. Midtbanespelaren har elles vore innbyttar og kome inn i fleire av A-laget sine kampar.

Langevåg IL har betydd mykje for utviklinga mi som fotballspelar, seier han. - Det er her grunnlaget mitt har blitt lagt. På det flotte anlegget som ligg nært til heimen min, har eg brukt det meste av fritida mi.  Organiserte treningar nesten kvar dag, og minst like mange timar med eigentrening saman med kompisar. Ordningar med hospitering til høgare aldersgrupper og differensiering er viktig for den som ønskjer å nå langt som fotballspelar. Alle trenarane eg har hatt sidan eg var 6 år har betydd mykje for meg. Dei har alle vore til stor hjelp for meg til å bli ein betre fotballspelar.

Jørgen har ikkje konkrete planar om framtida. Eg har planar om å bli så god som mulig. Eg skal stå på og jobbe så hardt eg kan, så får vi sjå kor langt eg når. 

I Aafk vil han treffe to tidlegare lagspelarar; Sigurd Tafjord og Kheirullah Ahmadzai. Thomas Martinussen er også med i klubben. Alle er eks-Langevågspelarar.

Fotballleiar Trond Tafjord i Langevåg IL seier at Jørgen Fylling sjølvsagt var ønska som spelar for Langevåg sitt A-lag også neste sesong. Men nok ein gong må ein seie at når ein breiddeklubb som Langevåg IL produserer gode spelarar, må ein rekne med at nokre av dei forsvinn til klubbar i høgare divisjonar. Cecilie Fiskerstrand, Thomas Martinussen, Sigurd Tafjord, Katarina Sunde,  Eirik Sandvik og Kheirullah Ahmadzai er døme på dette.

Langevåg IL er heilt klart fortsatt ein av dei store «talentfabrikkane» på Sunnmøre, og det er vi stolte over, seier Tafjord. Toppklubbar har gitt oss signal om at dei har enda fleire av våre spelarar i kikerten. Fleire overgangar kan altså kome i framtida.

Langevåg IL er stolte og glade når klubbar i høgare divisjonar ser potensiale i våre spelarar, og vi legg sjølvsagt ingen hinder i vegen for overgangar til andre klubbar, seier Tafjord.

Det kan og nemnast at dersom spelarane lykkast i toppklubbar, vil det bli økonomisk gevinst til Langevåg IL. Vi nytta blant anna ein del slike pengar til finansieringa av den nye kunstgrasbana vår.

Langevåg IL er som sagt ein breiddeklubb. Hovudmålet vårt er at flest mulig skal spele fotball lengst mulig. Klubben er i vekst og vi har eit fantastisk anlegg. Vi set stor pris på talenta våre, men minst like viktig er den store breidda i klubben. Alle skal føle seg ivaretatt og få spele så mykje fotball dei vil. Eg føler at klubben no er inne i eit riktig spor med gode ordningar for alle spelarar i alle aldersklasser, alt takka vere den enorme frivillige innsatsen som blir lagt ned i alle laga i klubben.

Langevåg IL takkar Jørgen Fylling for samarbeidet, og ønsker han lykke til som fotballspelar i Aafk.