Cecilie teken ut på A-landslaget i fotball!
Forfatter: Vegard Riise Eikrem
03. januar 2014
Vår egen Cecile Hauståker Fiskerstrand (17) er tatt ut i landslagstroppa for kvinnelandslaget.
-Eg kunne aldri tenkt meg å ha vakse opp ein annan stad enn i Langevåg, seier Cecilie.
Les videre i saka og bli bedre kjent med veien til toppen for Cecilie!
- Vi er so stolte av deg Cecilie! - No er du i troppa til Norges aller beste fotballspelarar! Dette var Vegard Eikrem sin umiddelbare kommentar på det historiske landslagsuttaket. Langevåg idrettslag gratulerer so mykje!
- Ho er ein fantastisk representant for idrettslaget vårt, med sine flotte verdiar som alle i klubben verkeleg set stor pris på, seier Eikrem
Historisk. Per Vidar Sandvik er tidlegare fotballspelar og trenar. Dessutan er han mangeårig ildsjel og æresmedlem i Langevåg IL. Per Vidar er einig i at Cecilie er historisk for klubben med uttaket til A-landslaget i fotball. Tidlegare har klubben hatt fleire spelarar på juniorlandslag. Som senior spela Magne Fylling ein kamp for presselandslaget i 1961 der han vart stygt skada.
Men aldri tidlegare har Langevåg IL hatt spelarar som har vore tatt ut til ei tropp for A-landslaget.
Magne Fylling er det første namnet folk utanbygds tenkjer på når det gjeld langevågsfotballen. I framtida vert det kanskje Cecilie Fiskerstrand som er varemerket for fotballen i bygda?
Tilfeldig. Cecilie var 8 år då ho byrja å trene fotball saman med gutane i same årskull. Ho vart med på småjentelag frå 10-årsalderen. Fram til ho var 13 år var ho utespelar på fotballbana.
Det var faktisk litt tilfeldig at eg vart målvakt, seier Cecilie. På jentelaget var det ingen som ville stå fast i mål. I kvar kamp bytta trenarane på kven som stod i mål. Og eg kunne ikke stå i mål, huskar ho.
Men trenar Roy Vadseth såg kanskje eit talent som målvakt i den unge jenta. Han sende ho på talentsamling og bylag, og der gjekk det verkelig opp for Cecilie at det var målvakt som var hennar plass på fotballbana.
Mykje trening. Eg kom med på kretslaget til 1994-årgangen og derifrå har Sindre Ryssevik lært meg å stå i mål. Etter treningar med han, reiste eg heim og øvde inn alt vi hadde på treningane. Sidan har eg trena fast samen med gutelaga i Langevåg. Fortuna sitt damelag har ho og trena fast med sidan ho var 14 år.
Cecilie har spela på fleire aldersbestemte landslag; U15, U16, U17 og U19. No er ho altso teken ut til troppa for A-landslaget for kvinner.
Cecile går andre året ved toppidrettslinja i Fagerlia. Ho trener kvar einaste dag, anten på bana, i hallen eller i treningsstudio. Eigentrening er særs viktig dersom ein skal bli god i ein idrett, sier ho. Det er ikkje nok å møte opp på dei to ordinære treningane laget ditt har i veka.
Klubben. Langevåg IL har betydd mykje for karriera mi. Særleg vil eg nemne Hallgeir Austnes, Kim Bjørge, Andrè Fylling og Vegard Eikrem. Dei har alltid teke meg med og gitt meg moglegheiter og utfordringar som eg kanskje aldri ville fått i ein annan klubb, seier Fiskerstrand.
Litt skummelt var det å vere 15 år gamal jente i mål når fleire av utespelarane på treningane var store mannfolk og 20 år eldre enn deg sjølv. Kampar på G16 laget har og vore særs viktig for utviklinga mi, seier ho. Langevåg IL har i mange år vore flinke til å gje ekstra tilbod til dei som ønskjer å nå litt lenger. Ein fantastisk breddeklubb som ivaretek alle spelarar.
Faktisk vil eg seie det slik, seier Cecilie: Eg kunne aldri tenkt meg å ha vakse opp ein annan stad enn i Langevåg!
Cecile seier at det er synd at ikkje fleire ungdomsjenter og damer spelar fotball i Langevåg, ambisiøs som Cecilie er så må også ho ta steget vidare for enda meir utvikling i åra som kjem.
Ho er veldig glad for at det er mange jenter frå 6-14 år som no trenar fotball i Langevåg. Kanskje kan dei ein gong verte stamma til stabile ungdomslag og damelag i Langevåg IL?
Målet mitt er å spele profesjonell fotball i utlandet. Vidare har eg eit mål om at eg innan 5 år skal vere Norge sitt kvinnelandslag si faste målvakt. Det er vel ikkje for høge mål for ei enkel langevågsjente?, avsluttar ei blid og flirande Cecile Hauståker Fiskerstrand.
Siste års G16-trenar Kim Bjørge er full av lovord om Cecilie: Fantastisk god målvakt med ekstrem treningsvilje og gode haldningar! Eg har aldri vore borti makan til talent, seier han. Cecile er reaksjonssterk, uredd og tøff. Ho er dyktig på kommunikasjon og er alltid engasjert og konsentrert. Vidare har ho ei flott personlegheit og er ein gledesspreiar som er med å skape eit godt miljø i laget både på trening og i kamp.
Cecilie har alle mogelegheiter til å nå so langt som ho berre sjølv vil, seier Bjørge.
Langevåg IL ønskjer Cecilie lykke til saman med kvinnelandslaget på treningsleir på La Manga i januar.
Vi er stolte av deg!
Sjå heile uttaket her: http://www.fotball.no/Landslag_og_toppfotball/Landslag/A-kvinner/2013/Kvinnelandslagets-La-Manga-tropp/