[email protected]


Logo
Bli medlem
Diskgolf

Sigurd går til Aafk!

Forfatter: Vegard Riise Eikrem

03. januar 2014

Forside
News article image

Sigurd Vidhammer Tafjord (16) skiftar farge på drakta si komande sesong og forlater LIL til fordel for tangotrøyene. Les meir og bli bedre kjent med Sigurd og hans vei mot toppfotballen!

I haust vart Langevåg IL kontakta av Aafk der der dei ønskte å invitere Sigurd til hospitering på treningar to gongar i veka saman med Aafk sitt G19/Aafk2-lag. Det takka han ja til, og trena saman med dei i oktober og november. Trenarane Trond Fredriksen og Karl Oskar Fjørtoft har tydelegvis vore fornøgde med Sigurd sine fotballferdigheiter. Heilt inn i jula kom det ny henvending frå Aafk til Langevåg IL der dei ønskjer å knytte Sigurd til seg på permanent basis.

 

- Eg har takka ja til tibodet frå Aafk, seier ein glad Sigurd Vidhammer Tafjord. - Dette kan vere moglegheita mi til å verkeleg utvikle meg vidare som fotballspelar.

 

Sigurd har spela for aldersbestemte klassar Langevåg IL sidan han var 6 år. Sist sesong spelte han alle kampane for Langevåg sitt A-lag i 5.divisjon, i tillegg til G16-laget sine kampar. Kim Bjørge har vore trenaren hans dei siste åra. Han beskriv Sigurd slik:  Han har alltid hatt ein fantastisk god venstrefot. Er hurtig, uredd og har god teknikk. Meget presis på dødballar. Scorar fine mål, men er like mykje ein tilretteleggjar som serverer målgjevande pasningar til andre. Godt blikk og god forståelse for spelet. Litt beskjeden, men likevel ein inspirator for medspelarar med sin moral på bana.

- Utallige timar med trening ligg bak utviklinga av talentet til Sigurd. Oppmøte og full innsats på alle treningar og kampar har alltid vore kjenneteiknet hans, seier Bjørge.

I tillegg til treningar og spel på eige lag, har han fått mogelegheit til å delta på treningar og kampar i høgare aldersgrupper sidan han var 12-13 år. Langevåg IL har vore flinke til å gi eit utvida tilbod til dei spelarane som ønskjer det. Hopsitering til høgare eller lavare aldersklassar er eit viktig tilbod for dei spelarane som vil trene meir.

 

- Eigentrening er også viktig, seier Sigurd. -Eg har hatt minst like mange treningstimar saman med gode kameratar på Langevåg stadion der vi har hatt uorganisert eigentrening i lag. - Vi har i mange år vore ein fin gjeng med kompisar som nesten dagleg har møttest på fotballbana.

 

Sigurd trekker fram fantastiske år og gode opplevelsar i Langevåg IL. - Særleg det gode fellesskapet og samhaldet på dei ulike laga har eg gode minner frå. Og sjølvsagt dei kretsmesterskapa vi har vunne, og reisene til Sogndal-cup og Norway-cup. Det har vore ein flott klubb som eg har vore stolt over å ha fått spele fotball for. Gode trenarar og støtteapparat, flotte lagkameratar og eit fint idrettsanlegg er noko Langevåg IL kan vere stolte av, seier Sigurd.

 

- No har eg gjort eit val, og vil forsøke å ta steget vidare som fotballspelar. I Aafk er det meir fysikk og eit høgare tempo på treningane, høg intensitet og mange spelarar som har eit veldig høgt nivå. Dessutan passar det fint med treningar i Ålesund då eg går på idrettslinja ved Ålesund Vg Skole. Avstandane blir då korte både til morgontreningar og ettermiddagstreningar. - Målet mitt er å ein gong i framtida få spele fotball i ein av dei høgaste divisjonane, seier Sigurd.

 

Vegard Eikrem i Langevåg IL seier at Sigurd var sterkt ønska som spelar for Langevåg sitt A-lag i 4.divisjon komande sesong. Men når ein breddeklubb som Langevåg IL produserer gode spelarar, må ein rekne med at nokre av dei forsvinn til andre klubbar. Thomas Skog Martinussen og Izatullah Ahmadzai er også nylege døme på dette. - Vi er deffinitivt ein av dei lokale "talentfabrikkane" på Sunnmøre for tida, og det er vi ikkje lite stolte over seier Eikrem.

- Langevåg IL er stolte og glade når toppklubbar ser potensiale i våre spelarar, og vi legg sjølvsagt ingen hinder i vegen for overgangar til andre klubbar, seier Eikrem.

Langevåg IL takkar for samarbeidet, og ønsker Sigurd Vidhammer Tafjord lykke til som fotballspelar i Aafk!