Kheirullah går til Aafk
Forfatter: Vegard Riise Eikrem
10. august 2015
Fotballspelaren Kheirullah Ahmadzai (16) skiftar farge på drakta til hausten. - Sist veke vart det klart at Langevåg IL, Aafk og Kheirullah er enige om overgang til Aafk.
- Eg har valgt å melde overgang til Aafk fordi eg følte at dette var riktig tidspunkt for å gå vidare i livet, og ikkje minst at eg trengte nye utfordringar for å utvikle meg til å bli ein betre fotballspelar. - Eg skal frå hausten ta til på idrettslinja ved Latinskulen, og dermed er det lett å kome til og frå treningar etter skuletid, seier Kheirullah.
Han kjenner godt til Aafk frå tidlegare. Han har hospitert to gongar i veka på treningar med juniorlaget. Han har også vore med Aafk sitt G16 elitelag som har som har spela landsserie mot andre tippeligalag.
Fotball betyr mykje for Kheirullah, og han har allereie mange opplevingar i sekken. - Eg har gått gradene, seier Kheirullah. - Først var det talensamlingar, so vart eg tatt ut til bylag og deretter kretslag. - Sommaren 2013 vart eg tatt ut på Staoils talentsamling. - Seinare vart eg tatt ut til regionslag, ny samling i Porsgrunn før eg vart tatt ut til landslaget. - Eg har vore med på fleire landslagssamlingar og kampar for G15.
I år har Kheirullah trena fast og spelt for Langevåg sitt A-lag i 4.divisjon. Spissen har scora 4 mål for Langevåg denne sesongen.
- Langevåg IL har betydd mykje for utviklinga mi som fotballspelar, seier han. - Det er her grunnlaget mitt har blitt lagt. - Ordningar med hospitering til høgare aldersgrupper og differensiering er viktig for den som ønsker å nå langt som fotballspelar. - Trenarane Andrè Fylling, Kim Bjørge og Hallgeir Austnes vil eg gjerne nemne. - Dei har alle vore til stor hjelp for meg til å bli ein betre fotballspelar.
Kheirullah har planar om framtida. - Eg har planar om å bli så god som mulig. - Eg skal stå på og jobbe så hardt eg kan, så får vi sjå kor langt eg når. - Første målet eg no fokuserar mot, er å spele meg inn på Aafk2 som spelar i 2.divisjon. Der vil han treffe to tidlegare lagspelarar; sin bror Izzatullah og Sigurd Tafjord. Thomas Martinussen er også med i denne gruppa. Alle er eks-Langevågspelarar.
Fotballleiar Trond Tafjord i Langevåg IL seier at Kheirullah har vore ein viktig spelar i A-stallen for Langevåg i år. - Han var sjølvsagt ønska som spelar for Langevåg sitt A-lag også i haustsesongen. - Men nok ein gong må ein seie at når ein breiddeklubb som Langevåg IL produserer gode spelarar, må ein rekne med at nokre av dei forsvinn til klubbar i høgare divisjonar. Cecilie Fiskerstrand, Thomas Martinussen, Izzatullah Ahmadzai, Sigurd Tafjord og Katarina Sunde er døme på dette.
- Langevåg IL er heilt klart ein av dei store «talentfabrikkane» på Sunnmøre for tida, og det er vi stolte over, seier Tafjord. - Toppklubbar har gitt oss signal om at dei har enda fleire av våre spelarar i kikerten. Fleire overgangar kan altså kome i framtida.
- Langevåg IL er stolte og glade når klubbar i høgare divisjonar ser potensiale i våre spelarar, og vi legg sjølvsagt ingen hinder i vegen for overgangar til andre klubbar, seier Tafjord.
- Langevåg IL er som sagt ein breiddeklubb. Hovudmålet vårt er at flest mulig skal spele fotball lengst mulig. - Klubben er i vekst og vi har eit fantastisk anlegg. - Vi set stor pris på talenta våre, men like viktig er den store breidda i klubben. - Alle skal føle seg ivaretatt og få spele så mykje fotball dei vil. - Eg føler at klubben no er inne i eit riktig spor med gode ordningar for alle spelarar i alle aldersklasser, alt takka vere den enorme frivillige innsatsen som blir lagt ned i alle laga i klubben.
Langevåg IL takkar Kheirullah for samarbeidet, og ønsker han lykke til som fotballspelar i Aafk.