Lisa går til Fortuna!
Forfatter: Vegard Riise Eikrem
24. august 2016
Fotballkeeper Lisa Petrine Raknes (15) er nok ein Langevågsspelar som skiftar farge på drakta si. - Sist veke vart det klart at Langevåg IL, Fortuna og Lisa er einige om overgang til 1.divisjonsklubben Fortuna.
Eg har valt å melde overgang til Fortuna fordi eg følte at dette var riktig tidspunkt for å kome vidare i fotballkarriera. No tar eg eit stort steg til damene sin 1.divisjon. I Fortuna får eg nye utfordringar for å utvikle meg til å bli ein betre keeper. Eg er elev på toppidrettslinja ved Fagerlia Vg. skule, og dermed er det også lett å kome til og frå treningar før og etter skuletid, seier Lisa.
Fotball betyr mykje for Lisa Petrine Raknes, og ho har allereie mange opplevingar i sekken. Eg har gått gradene, seier Lisa. Først var det talentsamlingar, so vart eg tatt ut til bylag og deretter kretslag. Seinare vart eg og tatt ut til regionslaget.
Sist sesong har ho trena fast på Langevåg sitt J16-lag, i tillegg til trening og spel på G16, juniorlaget for herrar og for damelaget.
Langevåg IL har betydd alt for utviklinga mi som fotballspelar, seier Lisa. - Det er her grunnlaget mitt har blitt lagt. På det flotte anlegget har eg brukt det meste av fritida mi. Ordningar med hospitering til høgare aldersgrupper og differensiering er viktig for den som ønskjer å nå langt som fotballspelar. I Langevåg har Lisa sidan ho var 11 år fått trene og spele med gutelag og høgare aldersklassar, i tillegg til sitt eige lag. Dette har vore veldig positivt for utviklinga som keeper. Alle trenarane eg har hatt sidan eg var lita har betydd mykje for meg. Dei har alle vore til stor hjelp for meg til å bli ein betre fotballspelar.
Lisa har ikkje konkrete planar om framtida. Eg har planar om å bli så god som mulig. Eg skal stå på og jobbe så hardt eg kan, så får vi sjå kor langt eg når. Det som er sikkert er at eg skal spele fotball i fleire år framover.
I Fortuna får ho tidlegare langevågsspelar Katharina Dybvik Sunde som lagvenninne. Dessutan er Svein Arne Sunde, også tidlegare spelar for Langevåg, trenar for damelaget Fortuna.
Fotballleiar Trond Tafjord i Langevåg IL seier at Lisa sjølvsagt var vidare ønska som spelar for fleire av Langevåg sine lag framover. Men nok ein gong må ein seie at når ein breiddeklubb som Langevåg IL produserer gode spelarar, må ein rekne med at nokre av dei forsvinn til klubbar i høgare divisjonar. Cecilie Fiskerstrand og Katarina Dybvik Sunde er tidlegare døme på dette.
Langevåg IL er stolte og glade når klubbar i høgare divisjonar ser potensiale i våre spelarar, og vi legg sjølvsagt ingen hinder i vegen for overgangar til andre klubbar, seier Tafjord.
Langevåg IL er som sagt ein breiddeklubb. Hovudmålet vårt er at flest mulig skal spele fotball lengst mulig. Klubben er i vekst og vi har eit fantastisk anlegg.
Vi set stor pris på talenta våre, men minst like viktig er den store breidda i klubben. Alle skal føle seg ivaretatt og få spele så mykje fotball dei vil. Eg føler at klubben no er inne i eit riktig spor med gode ordningar for alle spelarar i alle aldersklasser, alt takka vere den enorme frivillige innsatsen som blir lagt ned i alle laga i klubben.
Langevåg IL takkar Lisa Petrine Raknes for samarbeidet, og ønsker ho lykke til som keeper i Fortuna.