J2010: Eit solfylt fotballminne!
Forfatter: Vegard Riise Eikrem
22. desember 2022
Vårt flotte J2010 lag i fotball var i september på overnattingstur til Fjørtofta. Vi har mottatt bilder og rapport fra det som var et av flere flotte fotballminner i 2022 for jentene!
Tilbakeblikk på eit godt og solfylt fotballminne frå 2022-sesongen
Første helga i september i fjor reiste J2010 på overnattingstur til Fjørtofta, for trening og sosiale aktivitetar. Turen var meint som eit kickoff før haustsesongen, og for ei helg det vart!
Strålande sol og ei strøken grasmatte på Fjørtoft stadion gjorde at jentene hadde perfekte forhold på treningsfeltet, der dei fekk fleire fine økter. Når kvelden kom og tacoen var fortært (utandørs!🌞) vart det ein svipptur til Finnøya og badeanlegget Håp i havet, før dagen vart avslutta med snacks og Skal vi danse på storskjerm.
På søndag kom Ravn IL sine 2010-jenter på besøk til «campen» for treningskamp og felles lunsj etterpå. Jentene frå Vatne/Tennfjord gav solid motstand og kampen enda til slutt 1-4. Å tape er sjølvsagt kjedeleg, men akkurat denne gongen kom nederlaget heldigvis i skuggen av alt det kjekke helga var fylt med elles.
Eit slikt trivselstiltak er med på å «booste» samhaldet i ei spelargruppe. Det er vel investert tid både for barn og vaksne, og kan anbefalast til alle lag som har anledning til å gjere noko liknande! Etter tilbakemeldingane å døme var det i alle fall ein gjeng slitne men fornøgde fotballspelarar som vendte snuten heimover til Langevågen etter endt treningshelg.
Ny utflukt er planlagt i 2023!
For J2010
Lagleiar - Ragnhild Nordang
Sjå bileter under: