Bli med på Damefotball da vell!
Forfatter: Vegard Riise Eikrem
16. januar 2016
LIL jobbar i desse dager med å få eit damelag på beina igjen. Ein flott gjeng er med, men dei ynskjer gjerne fleire med! Dei kan love både latter, glede og et hærlig samhold! Søndag trenar dei i gymsalen ved Sula Ungdomsskule kl 19:00- 20:00 Du blir vel med?
Etter nokre år utan senior dame på Sula, ser det endeleg ut til at vi skal få til eit tilbod for damene i Langevåg IL. Nokre av desse har vore aktive i andre klubbar siste åra, medan andre ikkje har trent fotball på fleire år. Felles for dei alle, er at dei vil ha det moro og spele fotball. Vi er alle einige i at det viktigaste er å ha det kjekt saman.
Vi treng fleire spelerar og inviterer med dette alle som har lyst å være med til trening.Vi trener søndagar i gymsalen på Sula ungdomsskule fra 19:00-20:00. Hiv på deg treningsklea, trakk nedi inneskoa og bli med da vel. FOTBALL ER GØY :)
På bildet ser du nokre av damene som var på landskampen mellom Norge-Wales i haust som var, der vår eiga prinsesse Cecilie Fiskerstrand sjølsagt var å treffe.
Eventuelle spørsmål kan stillast til:
Tone K H Engeseth på tlf 456 92204