[email protected]


Logo
Bli medlem
Diskgolf

Reisebrev fra Sogndal!

Forfatter: Vegard Riise Eikrem

30. juni 2022

Forside
News article image

Forrige helg var en stor del av LIL Fotball i Sogndal og på Lerum Cup! Les reisebrevet her!

Reisebrev frå årets Lerum cup 2022

Det var ein spent og stor delegasjon frå Langevåg IL som sette kursen mot Sogndal torsdag 23/6. Totalt med spelarar, trenarar/lagledarar og foreldre so var vi nermare 200 personar i reisefølget.

Vi deltok med 8 lag fordelt på 4 jentelag i årsklassene 2012-2009 og 4 guttelag i årsklassene 2010-2008.

Etter eit opphald på 2 år sidan førre cup so var det mange spelarar og støtteapparat som var førstereis under årets cup. Dermed mange spente og nok litt nervøse barn og ungdommar. Alle lag og mange av foreldre og støtteapparat budde på Sogndal fokehøgskule, ein tipp topp plass å vere.

Det var tett program, og kampane starta allereie kl 08.00 morgonen, men klare var spelarane likevel! I tillegg til mykje god og spennande fotball so har det vore veldig variert program med tivoli, mange var på sitt aller første diskotek på fredagskvelden. Sidan saftbygda viste seg frå si aller beste side værmessig også denne helga, so har det vore mange som har bada, men tilbakemeldinga var at det var veeeeldig kaldt… Alle laga har hatt alle måltida saman, og sove i gymsal og klasserom saman. Det har vel blitt noko lite søvn, men det har ikkje begrensa dei sportslege prestasjonane!

På laurdag hadde vi felles grilling for heile team Langevåg, både spelarar, trenarar, foreldre og søsken, det var veldig kjekt. Det vart også spelt volleyball kampar der foreldra vart utfordra til kamp!

Tilbakemeldingane har vore kun positive. Turen har bidratt til å auke lagskjensla, styrka samholdet og bidratt til nye bekjentskap og venner.

Vi som var med på turen må skryte av dei flotte barn og ungdommane vi hadde med oss på tur, for nokon gode ambassadørar for LIL og Sula! Samhold, mestring, seier, skuffelse, gjennombrudd, bading, glede, utvikling, skrubbsår, nervøsitet, svette, bading, is og masse idrettsglede er noko av innhaldet frå årets Lerum cup! Mange snakka allereie om kor dei gleda seg til neste år.

Dei tre eldste laga som hadde sluttspel, so kom alle tre til finalen!! Imponerande! MSIL/LIL/FIL J13 finalen endte 2-2, men dei tapte på antal corner. Sjølv om dei kjente på skuffelsen ein augenblink, so so kunne dei sjå tilbake på dei helg med svært gode sportslege resultat.

Dei to eldste LIL guttelaga, G13 og G14 vann begge sine finalar og fekk med seg kvar sin flotte pokal med heim til Langevågen. G13 spelte ein spennande finale mot Volda, og vann til slutt 4-3. G14 spelte finale mot Fagernes, og vann denne 5-0! Pokalane skal få plass på pokalhylla på LIL-tun. Mange av dei andre LIL-laga var også tilstades under sluttspel kampane og var med å heie fram kvarandre.

Takk for turen alle saman!

Mvh

Solgunn Eide Dybvik
Nestleder LIL Fotball