Eirik går til Herd
Forfatter: Vegard Riise Eikrem
31. januar 2015
Eirik Sandvik (17) skal spele med blå drakt komande sesong. Han forlater Langevåg IL til fordel for SK Herd. Les meir og bli betre kjent med Eirik og hans vei mot nye fotballutfordringar.
Sidan sist haust har Eirik trena regelmessig med seniorlaget til Herd. Trenarapparatet med Amund Skiri i spissen har tydelegvis vore fornøgde med Eirik sine fotballferdigheiter. Denne veka kom det henvending frå Herd der dei ønskjer å knytte til seg spelaren på permanent basis.
Eirik har spela for aldersbestemte klassar i Langevåg IL sidan han var 6 år.
I tillegg til treningar og spel på eige lag, har han sidan han var 12-13 år hatt mogelegheit til å delta på treningar og kampar i høgare aldersgrupper. Langevåg IL har vore flinke til å gje eit utvida tilbod til dei spelarane som ønskjer det. Hospitering til høgare eller lavare aldersklassar er eit viktig tilbod for dei spelarane som vil trene meir.
Sist år var Sandvik fast inventar på Langevåg sitt A-lag i 4.divisjon. Der vart han kåra til Årets spelar, saman med Børge Holen. Eirik spelte også på «Folkets lag» mot Aafk sist haust.
No ser Eirik Sandvik etter nye utfordringar og ser for seg å få spele for Herd sitt A-lag i 3.divisjon komande sesong.
Sjølv seier Eirik Sandvik at han hatt ei eineståande tid i barne- og ungdomsfotballen i Langevåg IL. - Eit betre tilbod og oppfølging i trening og kamp skal man leite lenge etter, seier han. - Vi har alltid vore ein flott gjeng som har trena i lag, pressa kvarandre og vore kompisar.
- I tillegg har vi hatt dedikerte og flinke trenarar, og særleg vil eg takke Pål Holen, Hallgeir Austnes og Andrè Fylling. Dei har blant anna gitt meg utfordringar med hospiteringar til høgare aldersklassa i fleire år. Desse trenarane har betydd enormt mykje for meg som fotballspelar.
Fleire kretsmesterskap og cupar er gode minne frå Langevåg IL. Også utmerkelsen som Årets spelar på Langevåg sitt A-lag i 4.divisjon er han takksam og stolt over.
- Langevåg IL må vere den optimale klubben for barn og unge som vil utvikle seg som fotballspelarar, seier Sandvik. - Målet mitt no er å spele meg inn på A-laget til Herd og rykke opp med klubben. - Årsaka til at eg no går til Herd, er i hovudsak Amund Skiri. - Eg har hatt god kontakt med han gjennom skulen, hospiteringar og «Folkets lag». - Amund har tru på meg og har eit ønske om å ta meg vidare som fotballspelar. - Dirfor takkar eg no for meg i Langevåg og tar på meg nye utfordringar i blå trøye, seier Eirik.
Pål Holen, som har vore trenaren til Eirik i fleire år, beskriv han som ein teknisk og duellsterk spelar som er anvendeleg i fleire posisjonar på bana. - Eirik kan utføre det lille ekstra som laget treng, og kan avgjere kampar i begge ender av bana.
Holen meiner at Eirik Sandvik kan verte så god som berre han sjølv vil. Han har forutsetningar for å nå langt i fotballen. - Det vert spennande å følgje med han i framtida, seier Holen.
Eirik Hoseth, dagleg leiar i Herd, uttalar at Eirik Sandvik utvilsomt har eit godt potensiale som fotballspelar, og har gode muligheter til å få speletid på deira A-lag.
Fotballleiar Trond Tafjord i Langevåg IL seier at Eirik var sterkt ønska som spelar for Langevåg sitt A-lag i 4.divisjon komande sesong. Men når ein breiddeklubb som Langevåg IL produserer gode spelarar, må ein rekne med at nokre av dei forsvinn til andre klubbar. Cecilie Fiskerstrand, Thomas Skog Martinussen, Izatullah Ahmadzai og Sigurd Tafjord er nylege døme på dette.
- Langevåg Il er heilt klart ein av dei store «talentfabrikkane» på Sunnmøre for tida, og det er vi ikkje lite stolte over, seier Tafjord. Toppklubbar har gitt oss signal om at dei har fleire av våre gutespelarar i kikerten. Andre overganger kan altså kome dei neste åra.
- Langevåg IL er stolte og glade når klubbar i høgare divisjonar ser potensiale i våre spelarar, og vi legg sjølvsagt ingen hinder i vegen for overgangar til andre klubbar, seier Tafjord.
Langevåg IL takkar for samarbeidet, og ønskjer Eirik Sandvik lykke til som fotballspelar i SK Herd.