FOTBALLBANENE ER STENGT!
Forfatter: Langevåg Idrettslag
23. mars 2020
Langevåg IL og Kommuneoverlegen i Sula har i samråd vedtatt dette. Les mer.
Langevåg
IL har gjort eit forsøk på å halde den uorganiserte aktiviteten ved
fotballbanene våre i live, etter samråd med kommuneoverlegen i Sula
kommune. Vi satte ned enkle, tydelege og restriktive reglar for bruken
av banene, men desse reglane har allereie den første dagen vist seg å
ikkje bli respektert av alle - men av mange. Mange er ikkje godt nok i
denne spesielle tida - difor tek vi no konsekvensen av dette og stenger
banene umiddelbart.
Dette er vi lei oss for, men for
hovudstyret har det ikkje gått prestisje i å halde banene opne. Vi
gjorde eit forsøk - men det vart med denne eine mandagen. Frå og med
tirsdag 24.mars er banene stengt.
Denne stenginga gjer vi
igjen i samråd med Sula kommune og kommuneoverlegen, som no har råda
Langevåg IL til å stenge av fotballbanene - og då gjer vi sjølvsagt
dette. Vi har heile tida hatt tett dialog omkring dette og vore førebudd
på at dette kunne skje.
– Dette er det rette å gjere då det ikke lenger er mogleg for idrettslaget å overholde FHI sine anbefalinger om avstand. Vi viser til helsedirektoratet sine råd som er eintydige: https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide, samt NFF sin oppfordring om at banene må stengast, seier kommuneoverlege Marianne Bjerkevåg.
Jostein Håland
Leiar i Langevåg IL
Marianne Bjerkevåg
Kommuneoverlege i Sula
NB! LIL Fotball har laga eit eigentreningsprogram for alle aktive som passar fint på eigen eiendom (hage, oppkjørsel etc.)
Du finner det her: https://www.langevagil.no/portal/theme/organizatio...